Status for løypa

Mellom Skogly og Granåsen i dag.

Har i dag gått gjennom heile løypa, med unntak av utforkøyringane frå Fjellsetermyra til Tunga. Her følger ein kjapp tilstandsrapport.

Generelt: Nesten heile traseen er køyrt med enten maskin eller skuter med rulle no. Det er fullt mulig å gå heile løypa. Me har fått signaler på at alt vil bli køyrt opp i løpet av veka, så det kan bli fint å trene i traseen til helga.

Start-Tømmerdal: Maskinkøyrt til Tunga, deretter berre eit tråkk til traseen igjen møter løypa frå Holstdammen like før første drikkestasjon. Her er det køyrt med rulle og greit å gå.

Tømmerdal-Klefstadmyra-Vintervann: Køyrt med rulle og greit å gå, då det er oppgått av fleire andre.

Vintervann-Stykket-Klokktjern-Marka: Vekselvis rulle og maskinpreppa. Svært fint å gå her no.

Marka-Langdalen-Skogly: Køyrt med rulle og greit å gå. Utforkøyringane er ikkje heilt strøkne endå, så vær litt forsiktig.

Skogly-Granåsen-Klokktjern: Som ein draum!

Hugs også at i morgon er siste sjans til å melde seg på til nest laveste startkontingent.

 

 

Comments are closed.